PCOS, motivasjon, trening og kosthold

RE_2

Ragnhild Ese er en av psykologene i Klinikk Partum. Hun tilbyr digitale samtaler og kontorsamtaler i Molde.

Les mer om Ragnhild

av Ragnhild Ese

Vi menneske er vanedyr, og vi likar at det meste foregår sånn nokon lunde på same måte det meste av tida. Dette skyldes ganske kompliserte prosessar inni oss. Men vi veit alle korleis det kjennes ut å ville ha ting på ca same måte kvar gong. Så kva skjer då når vi skal endre noko ved desse vanane? I praksis betyr desse kompliserte prosessane at ofte treng ein litt ekstra motivasjon for å gå i gong med noko krevande, kontra noko lett. Det er ikkje så uventa. Og det å endre noko, det er nokså krevande. Sjølv det å starte med tanntråd, kan for enkelte ta lang tid å få til som fast vane. 

Motivasjon er også ein nokså komplisert prosess. Det er ikkje alltid berre å seie at frå mandag av skal eg slik og slik. For å endre noko må ein jo gjere noko på ein annan måte. Og motivasjon blir på ein måte litt av limen for å halde alt saman når vi står i noko som er både vanskeleg og krevande for oss. Og denne motivasjonen lev jo også sitt eige liv! Det er mykje lettare (fortsatt vanskeleg) å motivere seg for noko ein vil oppnå, enn å motivere seg for noko ein prøver å unngå. 

For å gjere noko annerledes må vi klare å beskrive for oss sjølve dei handlingane som må til. Det betyr å analysere, bryte ned i delar, setje ord på osv. Og det er lettare (fortsatt vanskeleg) å seie først sånn, så sånn, og så til slutt litt sånn. Dersom vi skal unngå noko må vi seie det litt meir vanskelege pass deg for det, ikkje lov sånn, unngå det, litt av det, men for all del ikkje det. Dette kan fungere ei lita stund, for vi vil jo helst unngå negative konsekvensar, men så blir det vanskeleg å oppretthalde. Det blir mykje å passe på, det preger oss slik at tankane mot det nye kretser rundt nokså negativt fokus og vi blir meir styrt av ytre konsekvensar enn indre mål og eigne verdiar. 

Dette tema går att i mine møte med kvinner med PCOS (Polycystisk ovariesyndrom) når det kjem til kosthald og trening. For desse kvinnene er kosthald og trening nokre av få område legevitenskapen er einig i at er viktig for å halde tilstanden i sjakk, og viktig for å redusere nokre av konsekvensane av denne tilstanden. Så kosthald og trening blir både forebyggingen og behandlingen.  Og dermed får det som starter ut som noko ein ønskjer å oppnå (god helse) også eit element av å unngå noko verre (vektøkning)! Og det er jo den litt meir krevande formen for motivasjon, og den som ofte berre varer i små periodar av gongen. Akkurat som om PCOS ikkje stjel nok krefter frå før!

Så om du har PCOS og strevar med å få kosthald og trening inn som noko som skal vere i livet ditt lenge, tenke litt på korleis du snakkar til deg sjølv rundt dette. Intervju deg sjølv litt og finn ut om du gjer dette for å oppnå noko, eller om du prøver å unngå noko. Og spør deg sjølv om dette er noko du må for ein periode, eller om det er noko du ønskjer inn i livet ditt fast.

Nokre tips for planlegging:

  • Prøv å setje deg mål om helse: set mål som er større enn kun mål om vekt
  • Visualiser og konkretiser måla dine: del dei gjerne i mål på kort sikt og mål på lang sikt
  • Konkretiser planer og delmål: lag deg gjerne ein ukeplan der du fordeler aktivitet og trening utover. Vi forplikter oss meir til det vi har sagt og skrevet, og det er viktig å gjere aktiviteten oppnåeleg gjennom å sjå det i ein heilhet saman med resten av veka di
  • Mål for kosthald: set opp plan for kva du skal ete, ikkje lister over kva du ikkje har lov å ete
  • Lange periodar utan fokus på kosthald og trening er ikkje det same som å mislykkes. Det er kun det same som å vere lange periodar utan fokus på kosthald og trening. Det fine er at så raskt ein får fokus på det att, så hent fram att planen og fortset
  • Ros deg sjølv: ros deg sjølv for innsatsen og at du prøver, ikkje krev gitte resultat før du er stolt over eigen innsats. Ver glad for det du gjer for deg sjølv allereie frå starten av. Du har fått litt urettferdige kort på handa og må vere tilsvarande raus med deg sjølv
Selvhjelpsbøker - en kortvarig lykke? (eller hvorfor gå til psykolog)
Perfeksjonisme i svangerskapet