Ragnhild Ese
🏠Kontorsamtaler i Molde
💻Digitale samtaler

⭐ Fødselsdepresjon | Ufrivilling barnløshet og IVF | Endometriose | PCOS

(Ragnhild er bare tilgjengelig for eksisterende/tidligere klienter)



Eg er psykologspesialist og jobbar til dagleg med arbeidshelse og ledelse. Samstundes brenn eg sterkt for svangerskaps- og barselshelse, og spesielt fødselsdepresjon både hjå mor og far. Den lille familien er eit lite univers i seg sjølv, der alt av lykke, ensomhet og strev kan utspele seg. Også for dei som aldri vart den familien dei håpa på. Eg har jobba mykje med med kvinner som går gjennom IVF, og kvinner med endometriose og PCOS.

Gjennom ulike jobbar eg har hatt, så har eg erfart at folk kjem ikkje å snakkar om symptoma som står i bøkene vi las på skulen. Dei kjem og snakkar om liva sine. Liv som av og til hopa seg litt for mykje opp. Eg er oppteken av å bruke det eg kan ilag med deg, slik at du kan hente fram det du treng for å håndtere situasjonen du står i. Eg trur på å kome tidleg i kontakt, å snakke om livet slik det faktisk er, og å gå saman for å mobilisere meire kraft ilag enn vi klarer åleine. Og eg syns det aller viktigaste er å tilpasse løysinga til deg, det er ditt liv det gjeld.

Eg jobbar primært med tema rundt fødselsdepresjon, IVF, endometriose og PCOS, men du er også velkomen til å ta opp andre problemstillingar i samtaler med meg.

Eg har vore gjest på podcasten Mammahjerte med psykolog Ingvill Øvsthus:

Eg er tilgjengeleg for samtaler på onsdagar - både digitale og kontorsamtalar i Molde.

RE_2

Mine bloggposter

PCOS, motivasjon, trening og kosthold

RE_2

Ragnhild Ese er en av psykologene i Klinikk Partum. Hun tilbyr digitale samtaler og kontorsamtaler i Molde.

Les mer om Ragnhild

av Ragnhild Ese

Vi menneske er vanedyr, og vi likar at det meste foregår sånn nokon lunde på same måte det meste av tida. Dette skyldes ganske kompliserte prosessar inni oss. Men vi veit alle korleis det kjennes ut å ville ha ting på ca same måte kvar gong. Så kva skjer då når vi skal endre noko ved desse vanane? I praksis betyr desse ko…

Les mer...…